Topp moderne hamneanlegg på Ramsøy Kai:
Med sikkerheit i fokus
Med over 20 års bransjeerfaring er Tria Marina det trygge valet når du skal få levert og montert marinaer og småbåthamner. Rune Martin Karlsen er styreleiar i Ramsøy Kailag, og meiner det nye hamneanlegget har blitt eitt samlingspunkt for både lokale og tilreisande ved Ramsøyna.
For fire år sidan fekk Ramsøy Kai eit betydeleg løft med eit nytt hamneanlegg levert og montert av totalleverandøren Tria Marina.
– Det var ein problemfri prosess, med tett dialog heile vegen. Det er ingen tvil om at Tria Marina kan sakene sine og er profesjonelle, seier Karlsen.
Det nye anlegget markerte ein ny æra for den historiske hamna, som i dag kan tilby trygge, brukarvennelege og moderne fasilitetar for både fastbuande og tilreisande. Ramsøy Kai ligg idyllisk til på Askøy ved Hjeltefjorden, og her ute, er det som å koma til eit ekte ferieparadis. Denne dagen skin sola over hamna, og ein kan høyra måkeskrik og bølgjeskvulp.
Den gamle dampskipskaien og moloen har ei rik historie, som framleis står sentralt i lokalsamfunnet.
- Den gamle dampskipskaien har snart 100 års jubileum, og me er stolte over dens lange historie. I 1926 vart dampskipskaien etablert primært for å få naudsynte forsyningar til øya sitt handelslag, men også for å støtta det blømande fiskeriet på øya. På denne tida var det tolv bruk i aksjon, fortel Karlsen.
Sikra hamna si framtid
Når me vitjar hamna denne dagen, er det berre få dagar til Kailaget skal ta i mot den gamle rutebåten MS «Vestgar» som skal frakta folk til Torgdagane i Bergen sentrum – noko som bringer fram minner frå ein svunnen tid då rutebåten var knutepunktet for både folk og gods.
- Fiskeria har for lengst forsvunne - den siste "snurparen" forlot hamna i 2010. Askøy kommune nytta fortrinnsretten til å kjøpa ut den ikkje fungerande fiskerihamna, og deretter overtok Ramsøy Kailag anlegget, fortel styreleiaren.
For å sikra hamna si framtid, etablerte Kailaget eit hamneanlegg som stod ferdig rundt Sankthans i 2020.
- Dette tiltaket har sikra hovudinntekta vår gjennom utleige av båtplassar. Hamneanlegget har i dag samla plass til 23 båtar, inkludert 3-4 gjesteplassar, og det er lang venteliste for å få plass her. Brygga er i dag fire år gammal, men den ser ut som den vart montert i går – me kunne ikkje vore meir nøgd!
Då Kailaget skulle velja ut leverandør av hamneanlegget, var det fleire faktorar som var avgjerande. Hovudkriteriane gjekk på å gi brukarane sikkerheit og kvalitet i brygge og utriggarløysingar, samt at det skulle vera så vedlikehaldsfritt som mogleg.
Etter nøye vurderingar, fall valet på Tria Marina - ein totalleverandør som designar, leverer og monterer marinaer og småbåthamner, og som er kjent for sin høge kvalitet og sine innovative løysingar. Til Ramsøy Kai har dei levert eit anlegg som ikkje berre møter dagens behov, men som også er bygd for å vara.
- Dei leverte ei svært god og smart løysing, som fylte alle kriteriane våre. Me hadde ein lang prosess med kommunen for å få etablert hamneanlegget, men samarbeidet med Tria Marina gjekk knirkefritt. Dei tok seg av alt frå første stund, der i blant søknadar, smiler Karlsen nøgd.
Arbeidet er fagmessig godt utført, og alt er svært solid.
Tria Marina har levert produkter til marinaer og båtforeiningar i over 20 år. Med fortid frå konstruksjonsarbeid av oppdrettmerder og flåtar til Havbruksnæringa, dannar dette bakgrunnen for utviklinga av deira Tria Marina produkt. Fokus på funksjonell design, og sikkerheit i båthamna er viktige faktorar i utforminga av deira produkt.
Trykk her om du treng montering og levering av småbåthamn!
Hamneanlegget på Ramsøy Kai består av ei flott flytebrygge i galvanisert stål med ei unik innfestning som regulerer seg etter flo og fjære, sklisikre utriggarar til 15 båtplassar med fendring og redningsleider, ein landgang utført i sjøvannbestandig aluminium samt fleire straumsøyler.
Flytebrygga nyttar eit avansert quidesystem som sikrar stabilitet og jamn bevegelse med tidevannet.
- Dette systemet inkluderer røyr som er montert både i botn og toppen av kaien. Me lagde ein stoppar på botn og monterte røyra i kaien, noko som gjer konstruksjonen svært solid. Brygga blir quida med røyra, og sikrar at bryggepiren bevegar seg samstundes og jamnt. Dette forhindrar mellom anna heng og at brygga ikkje kiler seg, fortel Jørund Eidsnes, dagleg leiar i Tria Marina.
Flytebrygga er sikker for både brukar og båt, samt versolid og fleksibel ettersom dei er modulbasert. Brygga er ein rammekonstruksjon i stål, oppbygd av Tria sin unike skinneprofil som kombinerer funksjon og styrke i ein eining. Midtfeltet på brygga er i kompositt og er 87 cm breitt.
- Midtfeltet er inndelt i seksjonsflak som er festa med beslag i brygga. Desse flaka kan enkelt løysast for tilgang til mellom anna straumkablar, vannslangar og fortøyingar. Me har fleire straumkablar langs brygga, og desse er det lys i også, seier Karlsen.
Fortøyingsbommane og utriggarane er designa for å bidra til ein sikker og funksjonell hamn. Førstnemnte har god oppdrift og kan nyttast som utriggarar, slik får ein tilkomst på begge sider av båten.
Utriggarane har solid bereevne og fleire personar kan ferdast samstundes på ein utriggar. Alle ombordstigningsplattformar har lukka hjørnefelt for å hindra fall i sjø. Fenderkassen ytst på utriggar har ein støtdempande funksjon for båtar ved innsegling til båtplassen.
Løysinga passa utmerka godt til oss og den bruken og dei utfordringane ei hamn på Vestlandet vert utsett for gjennom skiftande årstider. Arbeidet er fagmessig godt utført, og alt er svært solid, seier Karlsen.
Skreddarsyr løysingar
Jørund Eidsnes, dagleg leiar i Tria Marina er svært nøgd med prosjektet på Ramsøy Kai. Ein viktig del av selskapet sin suksess er nemleg tilnærming deira til kundar som partnerar, uavhengig om leveransen er liten eller stor. Dei jobbar tett med kvar enkelt kunde for å forstå deira behov og utfordringar, og skreddarsyr løysingar.
- Plassavgrensinga la føringar for den type innfestning og at det er båtplassar berre på eine sida. Anlegget er tilrettelagt for rullestolbrukarar, og me har også lagd til ein kajakkplattform. Me strevar etter å skapa eit godt miljø i hamnene, kor sikkerheit, kvalitet og brukarvennelegheit er i fokus, seier dagleg leiar.
Vidare framhevar han viktigheita av eit godt samarbeid med kunden gjennom heile prosessen, frå planlegging til ferdigstilling.
- Me er ikkje berre ein leverandør, me er ein partnar. Vårt mål er å sikra at våre kundar får dei beste løysingane for deira spesifikke behov, og at dei er fornøgd med resultatet i mange år framover. Me skal vera med på heile kundereisa, også etter levering og montering.
For å sikra lang levetid og funksjonalitet, tilbyr Tria Marina serviceavtalar i etterkant, som inkluderer total gjennomgang av anlegget.
- Slik kan me oppdaga om noko er i ferd med å skje, samt sikra at produkta og utstyret fungerer som det skal, og bidra til at levetida og sikkerheita i hamna blir oppretthaldt, seier Eidsnes.
- Dette er ein god tryggleik for oss som kundar, legg Karlsen til.
Karlsen understrekar at det nye hamneanlegget har vist seg å vera ein uvurderlig investering for det lokale samfunnet.
- Ofte går ein for det rimelegaste på slike store prosjekt, men på lang sikt hadde ikkje det vore lønnsamt av oss.
Ramsøy Kailag syntes at forslaget til Tria Marina var framtidsretta og innehaldt løysingar som utmerka seg svært positivt frå andre alternativ.
- Det vart eit enkelt val, fastslår Karlsen.
Sikkerheit i høgsetet
Ramsøy Kai, med Karlsen i spissen, er svært nøgd med sikkerheita ved det nye hamneanlegget. Han framhever at anlegget ikkje berre oppfyller behova deira for moderne fasilitetar og brukervennelegheit, men også set sikkerheiten i høgsetet.
- Me er veldig imponert over sikkerheitsfunksjonane som er intrigert i det nye anlegget. Redningsleideren er mellom anna ein viktig del av sikkerheitsutstyret som bidrar til tryggleik for brukarane av hamna.
Redningsleiderane er strategisk plassert på utriggar for å sikra rask tilgang i naudsituasjonar. For Tria Marina er det svært viktig at opphaldet til brukarane skal vera så trygt som mogleg.
- Våre produkt og løysingar er konstruert slik at det skal vera både behageleg og trygt å både koma fram, nytta og forlata båten. Ein høyrer jo at dei fleste ulykker skjer i hamnene, og ikkje ute i båt. Me har difor utvikla gode og smarte løysingar, som mellom anna å installera redningsstiger som er merka med raude fenderkassar og fluoriserande skilt, slik at dei er enkle å sjå, sjølv i mørket.
- Sikkerheitstiltaka inkluderer også sklisikre dekker på utriggarar og flytebrygge, som har rist for drenering som også forhindrar isdanning om vinteren, forklarer Eidsnes.
Tria marina
Tria Marina har kontor og lager på Storebotn Næringspark på Askøy, og har kundar over heile landet.
- Me har mange og store oppdrag, med hovudtyngde i Rogaland, Hordaland og Sogn. I tillegg samarbeider me med Marina Solution, som nyttar våre produkt i resten av fylka i Noreg.
Totalleverandøren skil seg frå konkurrentane med å ha fokus på både innovasjon og kvalitet. Deira produkt er designa for å vera nærast vedlikehaldsfrie og langvarige, noko som gjer dei til ein kostnadseffektiv løysing på lang sikt.
- Me veit at våre kundar treng pålitelege løysingar som krev minimalt med vedlikehald. Difor investerer me mykje tid i å stadig utvikla oss for å sikra at våre produkt ikkje berre møter, men overgår forventningane.
Høge ambisjonar
Tria Marina kombinerer tradisjonelle verdiar med moderne innovasjon, og oppnår difor eineståande resultat. Med stadig aukande tal prosjekt og fornøgde kundar, ser framtida lys ut. Engasjementet for kvalitet, innovasjon og kundetilfredsheit, driv selskapet framover.
- Me ser fram til å fortsetja å veksa, ta på oss nye og spanande oppdrag, og utvikla nye løysingar som kan bidra til å forbetra det maritime miljøet i heile landet, avsluttar dagleg leiar.
Om innholdsmarkedsføring
Innholdet i denne artikkelen er ikke skrevet av redaksjonen, men av innholdsprodusenter i mediehusets annonseavdeling.
Vi er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Annonsørinnhold skal merkes tydelig, så leseren kan oppfatte at innholdet er betalt for og produsert i samarbeid med en annonsør.
© Copyright Polaris Media