ANNONSØRINNHOLD

Line, Hanne Kjersti og Evy har ein arbeidskvardag med meining

Kvardagen til dei tilsette i habiliteringstenesta i Bømlo kommune byr på humor, glede, utfordringar og stoltheit.

- Det gir oss så utruleg mykje å sjå kva vår omsorg kan utgjera for livskvaliteten til andre menneske. Det er eit fint og meiningsfullt arbeid!

- Det er så mykje glede i denne jobben, smiler miljøterapeut Evy Bjørkheim.

Kollegaene hennar rundt bordet nikkar einig. Line Skrede Habbestad er avdelingsleiar for Aktivitetstunet og Hanne Kjersti Bentsen er nyleg utdanna vernepleiar og jobbar som miljøterapeut.

Sosialt og aktivt liv

Felles for dei alle er at dei må nytta mykje av seg sjølv i arbeidskvardagen, uansett stillingstittel og fagområde. Dei smilande damene jobbar alle i habiliteringstenesta i Bømlo kommune - ei eining innan helse og omsorg.

I tenesta er det totalt 126 årsverk, fordelt på rundt 150 faste tilsette som yt heildøgerteneste, samt dagtilbod til personar med nedsett funksjonsevne av fysisk, psykisk eller sosial karakter. Brukarane av habiliteringstenesta bur ulike stader på Bømlo, men dei fleste sentralt på Bremnes.

- Saman med tenestemottakarane legg me til rette for at dei skal oppleva meistring i kvardagen og eit sosialt og aktivt liv. Det er ein utfordrande jobb, men mest av alt givande og fin, smiler Hanne Kjersti.

Nokre av bebuarane eig leilegheit sjølv, medan andre leiger gjennom den kommunale tenesta BKE.

- Bømlo kommune har i tråd med nasjonale føringar og CRPD artikkel 19 a, lenge lagt til rette for at brukarane har valfridom på kor og kven dei vil bu saman med, på lik linje med andre innbyggjarar. Dei fleste bur i små einingar i nærmiljøa, seier Line Skrede Habbestad, avdelingsleiar for Aktivitetstunet.

Vision care, Glasses, Smile, Interaction, Happy, Eyewear

Livskvalitet, trivsel og meistring

I habiliteringstenesta får bebuarane hjelp til alt frå daglege gjeremål, til pleie og assistanse. I tillegg jobbar den dyktige personalstaben målretta og metodisk ut frå kvar enkelt brukars behov. Livskvalitet, trivsel og meistring står i sentrum i arbeidet, og det vert lagt stor vekt på å leggja til rette for ulike aktivitetar og arbeidsoppgåver uansett funksjonshemming og hjelpebehov.

- Me jobbar med brukarar frå 18 til 75 år, der alle har ulikt hjelpebehov. Nokon av dei flyttar ut frå familieheimen og skal bu for seg sjølv for første gong, fulle av forventningar og pågangsmot. Andre treng ein til ein døgeret rundt, fortel Evy.

Store delar av jobben deira går ut på å motivera og rettleia.

- Ut i frå bebuarane sine ønskje og ressursar, prøver me å rettleia så godt me kan. Me kartlegg og lærer dei å kjenna, og ut i frå interessa deira og kva dei sjølv har lyst til, prøver me å finna noko dei kan trivast med, forklarer Line.

- Eksempelvis er det nokon som likar å gå tur eller å vaska bilar, medan andre likar rolegare omgjevnadar kor ein til dømes strikkar og syr, eller driv med produksjon av tennsnurrar eller andre valfrie aktivitetar. Fellesnemnaren er at dei jobbar mot små mål heile tida der meistring, deltaking og sjølvstende står i sentrum.

- Små mål som har ein stor betydning i det store bilete, understrekar Evy.

Dette er ein av jobbane til Rune. Han set innleverte bøker på plass i hyllene på biblioteket i Bømlo kulturhus.

Han smiler frå øyra til øyra der han går, trillande på ei vogn full av spanande bøker, kvar bok med sin eigen plass i hyllesystemet.

- Den skal her, og den skal der.

Det er tydeleg at han har funne seg godt til rette blant bøkene og dei tilsette på kulturhuset.

Ei oppleving av meistring og ein meiningsfull kvardag er viktig for alle menneske. Miljøarbeid handlar om å leggje til rette og skapa rom for at personar med ulike hjelpebehov skal kunna nytta sine ressursar i samfunnet.

- Å oppleva meistring og ha ein meiningsfull kvardag er viktig for alle, slår miljøterapeut Hanne Kjersti fast.

Trygge rammer

For å utvikla miljøarbeidet, sat tenesta i gang eit prosjekt der dei fekk innvilga midlar til frå Helsedirektoratet. Målet var å dreia frå omsorgsteneste mot habilitering og målretta miljøarbeid.

- Det var eit utruleg spanande tema å få dykka litt i. Eksempelvis lagde me permar på kvar avdeling, som inneheld skjema og prosedyrar på korleis ulike oppgåver og situasjonar skal bli løyst. På denne måten sikrar me at dei tilsette jobbar på same måte, og at brukarane får trygge, gode rammer og ein stabil kvardag med rom for utvikling, forklarer avdelingsleiaren.

Eitt av måla med dette arbeidet er at tilsette skal føla seg trygge i jobbe sin og at ein sikrar at bebuarane får dei tenestene dei har krav på.

Smile, Shoe, Bookcase, Leg, Shelf, Standing, Sneakers, Thigh, Headgear, Comfort

For Line er det svært viktig at personalgruppa har det trygt og godt på arbeidsplassen. Ho har vore avdelingsleiar for Aktivitetstunet sidan 2014, og stortrivst.

- I dag jobbar eg 60 prosent som leiar og 40 prosent som miljøterapeut på dagtilbodet. Då jobbar eg «på golvet» og får ta del i kvardagen til brukarane og jobba tett med dei tilsette. Det likar eg svært godt!

Mange og store utfordringar

Det var eigentleg rein tilfeldighet at Line hamna i habiliteringstenesta. Tidlegare jobba ho på barneverninstitusjon på Haugalandet, men i 2012 flytta ho til Bømlo.

- Då eg var ferdig i permisjon med mitt første barn vart eg oppringt og fekk spørsmål om å gå inn i eit burettslag som midlertidig leiar. Året etter vart det lyst ut ei fast stilling som avdelingsleiar, og då kunne eg ikkje la vera å søkja, fortel Line.

Vidare fortel ho at det å gå frå eit fagområde til eit anna og inn i ei leiarstilling i ei så stor teneste var utfordrande, men mest av alt spanande og lærerikt.

- Det var litt av ei omstilling, og det har vore ei svært bratt læringskurve. Eg har difor stor respekt for dei som jobbar i helsetenesta!

- Det har vore mange og store utfordringar langs vegen, men det er kanskje difor eg framleis jobbar her og trivst så godt. I starten var det ikkje eit tydeleg system, og det var ei tid kor det var dårleg økonomisk råd og fleire omorganiseringar i tenesta. Me har jobba hardt for det me har oppnådd i dag, og eg er svært stolt over dei tilsette. Dei gjer ein kjempejobb kvar einaste dag!

- Men som leiar er eg svolten på at ting alltid kan bli betre, legg ho til.

- Eg som jobbar mest i miljøet ser også kor viktig det er med god leiing og at me spelar kvarandre gode for å kunna gje best moglege tenester, seier Hanne Kjersti.

Dei tilsette tar del i alle aspektar av livet til bebuarane, og må difor samarbeida tett - både med kvarandre, bebuarane og ikkje minst pårørande.

- Dei pårørande er ein viktig samarbeidspartnar. Dei er flinke til å involvera seg, sei ifrå og har klare forventningar til kvalitet. Det er store forskjellar på dei pårørande, men fellesnemnaren er at dei alle ønskjer gode og trygge liv for sine, forklarar dei.

Vision care, Glasses, Hand, Smile, Gesture, Comfort, Eyewear
Leg, Sleeve, Standing, Gesture, Grey, Jacket, Cap

Å jobba i habiliteringstenesta byr på gode utviklingsmoglegheiter, meiner Evy og Hanne Kjersti. Dei har begge hatt gleda av å oppleva ulike arbeidsstader og -oppgåver. Kursing og opplæring er heilt naudsynt, og er noko som blir tilrettelagt for dei tilsette.

- Me har fleire arenaer kor ein kan treffa andre kollegaer, ta kurs og prata fag saman. Det er svært lærerikt og sosialt.

Det vert også lagt stor vekt på arbeidsmiljøet: eit godt samarbeid sikrar at jobben og utfordringane vert løyst på best mogleg måte.

På dei ulike husa er dei tilsette flinke til å planlegga sosiale treffpunkt og aktivitetar.

Sjølv om det er éi stor teneste med fleire arbeidsmiljø, opplever dei tilsette at samarbeidet på tvers av avdelingane er blitt betre dei siste åra. Dette bidreg til at fleire blir betre kjend, noko som igjen styrkar arbeidsmiljøa.

Bømlo kommune har også eigen velferdsklubb som stadig jobbar fram gode rabattar til medlemane sine go tilbyr kjekke aktivitetar som til dømes kino, konsertar og utleige av hytter.

Clothing, Shoe, Leg, Comfort, Book, Lap

Variert og gjevande arbeid

- Ei typisk dagvakt er å hjelpa brukarane i stell, laga frukost, og eventuelt vaska og gjera andre praktiske oppgåver i leilegheita. Deretter gjer me kjekke ting saman med brukaren – går ein tur, teiknar, spelar spel, handlar daglegvarer. Det brukaren sjølv ønskjer. I helgene har me betre tid, og då går me gjerne ein lengre tur eller køyrer på biltur. Det er eit svært variert arbeid, og ingen dag er lik, fortel Evy.

Likevel legg dei ikkje skjul på at arbeidet kan vera utfordrande.

- Det krev jo mykje av deg som person. Ein må ha god tolmod, vera ansvarsfull og ein trygg og omsorgsfull vaksen som står stødig i seg sjølv. Og ein kjem langt om ein har eit hjarta som brenn for det å hjelpa andre!

Nokon av dei flyttar ut frå familieheimen og skal bu for seg sjølv for første gong, fulle av forventningar og pågangsmot. Andre treng ein til ein døgeret rundt.

EVY Bjørkheim, MILJØTERAPEUT

For dei tilsette ligg det ein stor motivasjon i å vita at dei faktisk kan bidra til å skapa ei endring.

- Det beste med å vera miljøterapeut er å kunna planlegga og setja seg mål saman med brukaren og pårørande, og etter kvart sjå progresjon i arbeidet me saman legg ned. Det gir oss så utruleg mykje å sjå kva vårt arbeid kan utgjera for livskvaliteten til andre menneske. Det er eit fint og meiningsfullt arbeid, smiler dei.

Om innholdsmarkedsføring

Innholdet i denne artikkelen er ikke skrevet av redaksjonen, men av innholdsprodusenter i mediehusets annonseavdeling.

Vi er opptatt av et tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhold. Annonsørinnhold skal merkes tydelig, så leseren kan oppfatte at innholdet er betalt for og produsert i samarbeid med en annonsør.

© Copyright Polaris Media